Viss det fantes ei pille som hjelpte deg mot
angst, stress, depresjon og søvnproblem.
Pilla funka mot ryggproblem, demens,
blodpropp og slag.
Ho reduserte sjansane dine for kreft,
diabetes, og ho gjorde slik at smertene
dine blei mindre.
Pilla gav deg sterkare hjarte, betre minne,
lågare blodtrykk, ein meir uthaldande
kondisjon, større musklar, betre
vektkontroll og ein prima fungerande
mage.
Pilla gjorde også kvardagen din enklare, ho
gav deg meir overskot, og ved dobbel dose
gav ho deg betre karakterar på skulen.
Ville du teke pilla?
Pilla heiter fysisk aktivitet.
Tekst: Maren Bø
Inspirert av foredrag: O. P. Hjelle